Har du tenkt å reise til ein stille og fredelig plass for å få ei flott naturoppleving, er Lammetun rette plassen.
Lammetun er ei øyperle vest i Fjaler i Sunnfjord, Sogn og Fjordane, med gode fiskeplassar og flott turterreng.
Øya har vegforbindelse, så ein treng ikkje tenke på ferjeruter.
Lammetun Ferie og Fritid kan tilby eit variert tilbod for dei fleste grupper, for eksempel kajakkurs, paintball, sjøbuutleige og turar i Lammetun Kystfort.
Området rundt kystfortet er tilrettelagt med bord og grillplassar.
I vår produksjonsavdeling kan vi som dei einaste i landet tilby kundetilpassa flytebrygger og flytande naust. Nausta er utvikla og testa på Lammetun.
Vi kan og ta på oss mindre byggeoppdrag for private og offentlege oppdragsgjevarar.
|