Opplev eit av dei få kystforta som ikkje er stengt att, og lær meir om den lokale krigshistoria.

Lammetun Kystfort vart bygd frå oktober 1941 og skulle saman med Fure – fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Buefjorden, samt sperre innløpet til Dalsfjorden.
På høgste punktet i festningsanlegget frå 2.verdskrig ligg kommandobunkersen.
Inni observasjonsrommet til bunkersen (kuppelen) er landskapet måla – slik ein såg det ute (med alle øyane uti havet) og med avstand og retning inntegna. På denne måten kunne ein raskt oppgje posisjonen til eit mål som var observert.
Når ein går vidare sør-vest for kommandobunkersen  kjem ein til «Ammunisjonsbunkersen«. Den vart som du høyrer i namnet brukt til å lagre ammunisjon mm.
Det er fire kanonstillingar på området til Lammetun kystfort. Den eine ligg i nærleiken av kommandobunkersen. Dei tre andre ligg sør-vest for kommandobunkersen, ca. 300 meter unna i luftlinje.
I hovudbunkersen kan du sjå utstilling av lokale bilete frå krigen, etter kvart vil det og bli utstilt gjenstandar frå 2. verdskrig her.

Vi tibyr guiding i fortet (for grupper på 10 personar eller meir), der du får høyre meir om den lokale krigshistoria og skjebnane rundt.

Pris pr. person 100,- ved grupper på 10 personar eller meir.
Dersom de er færre ta kontakt for tilbud.

Book her:
På epost: booking@lammetun.no
På mobil nr. 47 28 36 34