Lammetunfjellet

Lammetunfjellet (120 m.o.h.) ligg rett attmed oss, det tek ca 15 minutt å gå til oppstiginga. Lammetunfjellet er karakteristisk med sine bratte kantar og flatt på toppen.
Det kan være litt utfordrande og finne vegen opp/ned, men vi guidar deg gjerne.
Turen passar best for ungdom og vaksne, då terrenget er litt utfordrande og til tider bratt å gå i.

Lammetunhola

Lammetunhola ligg halveis opp i Lammetunfjellet, ein kan gå ned i hola. I hola veks det lysmose, som er ein sjelden mose, du kan lese meir om den i artikkelen her: https://www.nrk.no/sognogfjordane/lysfenomen-pa-lammetun-1.798528 . Nede i hola er det eit vatn, frå gamalt av vaart det sagt at dette vatnet var heilagt. Det har derfor blitt brukt blant anna under barnedåp. 
Vegen opp til hola er i ulendt terreng, men det er fint å gå og ikkje for utfordrande, så her kan alle gå. Eg har sjølv hatt med mine born (på 5og 8 år opp dit) og det gikk veldig fint og er ein kjempespennade tur!
For dei som ynskjer det guidar vi dykk gjerne på turen, de kan og få utdelt kart som viser kor de skal gå hjå oss.

Alden – den norske hest (topptur)

Litt utanfor Lammetun (ca. 15 minutt i båt) ligg fjellet Alden, fjellet stig nærmast loddrett opp av havet.
Alden er 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs og er eit av dei mest markante seglingsmerka på vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar! 
Vi kan være behjelpelige med båtskyss og om du ynskjer turkart kan du få det hjå oss, du finn og kart på ut.no her: https://www.ut.no/tur/2.6066/
Turen startar nokså bratt før det flatar ut, på toppen er det eit stort flatt platå, der du har utsikt i alle himmelretningar.

Einingsfjellet

Einingsfjellet ligg ca. 5 minutts køyring frå Lammetun.
Dette er ein relativt kort tur – men på fine dagar får ein fantastsk utsikt langt ut i havet sjølv om det berre er 258 høgdemeter.
Turen passar for alle, små som store:)
Turkart kan de få hjå oss om det er ønskelig, du finn og turen her: https://www.ut.no/tur/2.6286/

Lihesten (topptur)

Lihesten, det særmerkte fjellmasssivet i Hyllestad som reiser seg mellom Åfjorden, Lifjorden, Sognefjorden, Tollesundet og Storakersundet, har noko spesielt tiltrekkjande ved seg.

Det tek ca. 40 minutts køyring frå Lammetun til Risnes og Lekva.

Frå Lifjordvegen under Lihesten er det tre moglege utgangspunkt for fjellvandraren. Dei fleste vel Lekva som utgangspunkt for turen, og då særleg om turmålet er Gygrekjeften, 714 m.o.h. På Lekva, om lag 4 km frå Hyllestad sentrum, er det god parkeringsplass. Vel du å gå mot Risnesnipa, 777 m.o.h. først, er det mest fornuftig å starta oppstigninga frå Risnes eller Hovland. Hovudstinettet oppe på fjellplatået er forsvarleg varda og merka, og såleis skulle Lihesten vere ein sikker og grei tumleplass for friluftsfolket, men skulle skodda koma på deg, må du for all del halde deg til merka løyper.

Vel du å leggje fotturen til Lihesten ein godversdag, må du bruke dagen på dette markante fjellmassivet. Frå sjøen ser det ikkje så overveldande stort ut, men først når du er oppe på fjellplatået, ser du dei store avstandane. Sjølvsagt er det dei som gjer turen frå Lekva til Gygrekjeften og nedatt på 2 – 3 timar, men opplevinga vert tilsvarande minimert. Bruk dagen!

Vil du besøkje trimpostane på Lihesten, Gygrekjeften, 3L-stølane og Risnesnipa, må du rekne med at turen tek 6 – 8 timar.  Båtfolk som vitjar Hyllestad, finn merka stiar frå Risnes, Portevika og Storaker. Frå Portevika/Storaker er det kring 8 km med kupert terreng austover mot 3L-stølane, og ei heilt spesiell naturoppleving får du når du vandrar nedatt mot vest og strålane frå ettermiddagssolaforgyller øyriket i vest; Solund, Bulandet, Værlandet og Alden.  

På ut.no finn du turkart her:  https://www.ut.no/tur/2.6057/

Blegja (topptur)

Med sine 1305 meter er Blegja den høgste fjelltoppen i ytre Sunnfjord.
Turen opp er ganske krevjande, men naturopplevelsen desto større!
Turen tek ca 5-6 timar i moderat tempo. ca. 9,8 km tur/retur.

Første del av turen går på tydlege stiar fram til den private hytta Nipebu. Ruta går så i retning Rørviknipa på utydeleg sti til foten av nipa. Stien følgjer fjellfoten fram til Nipevatnet. Stien er delvis merka med vardar. Herifrå ser du topplatået på Blegja. Ein går først langs venstre sida av Nipevatnet, så litt oppe i fjellsida. Deretter kryssar ein ei laus steinur før ein kjem til ein fjellrygg. Her går ein opp fjellryggen til ei steinur i retning skaret mellom egga på
Rørviknipa og Blegjaplatået med lett klatring dei siste meterane opp på platået. Varden ligg nord på platået med utsikt til Alden, Jostedalsbreen og dei sju fjell rundt Bergen.

Frå toppen kan du nyte synet av Sogn og Fjordanes bratte fjellverden frå oven! Du ser den fantastiske vestlandsnaturen med fjord, fjell, isbre, øyar og hav så langt auge rekkjer. Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen, 100 km vekke! Ei spektakulær naturoppleving!

Parkering er ved informasjonstavla til Askvoll kommune. Sjølve stien startar 100 meter lenger framme, retning Askvoll.

Du finn turen her på ut.no:  https://www.ut.no/tur/2.6514/

Blåfjell (topptur)

Tur til Blåfjell, som ligg nord for Askvoll sentrum.
Toppen ligg på 533 moh. Fin utsikt frå toppen av fjellet.
Turen startar ved parkeringsplassen på Askvoll Øvre. Første 800 meterane er felles med tur til Sandvika. Etter ca 500 meter passerer ein skoggrensa, og resten av turen opp til toppen går i ope fjellterreng. Stien ligg i hovudsak på fast underlag, men det er kortare parti med myr. 4,8 km tur-retur.

Moldura (topptur)

Moldura er den høgste toppen i Holmedal og frå den kan du sjå 7 prestegjeld.
Du startar frå parkeringsplassen ved vassverket og går på traktorved mot Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatn som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Du ser Moldura mot nord og du må gå opp skaret til høgre til terrenget går nedover. Gå til venstre på merka sti mot Moldura og du vil komme til eit skilt som viser 2 forskjellige stiar til toppen. Når det ikkje er snø, kan du gå begge, men den stien som går rett opp, er noko luftig og delvis i steinurd. Stien til venstre er noko lettare. Når du kjem til toppen, får de ei fin utsikt over fjellheimen frå Jostedalsbreen til Nordsjøen. Turen er å anbefale.