TA TUREN TIL OSS! 🙂 

– køyr over Lammetunbrua og opplev følelsen av at tida slepp taket i deg, senk skuldrane og ro heilt ned.
Hos oss kan du nyte livet i ro og mak i fantastiske omgivelsar!
Eller du kan prøve våre spennande aktivitetar – om du vil det:)

Lammetun er øy som liggvest i Fjaler kommune.
Øya er landfast med utsikt til øysamfunnet Værlandet og fjellet Alden i vest. I sør finn du øysamfunnet Solund.

Her er nydelig natur og vakre omgivelsar, om sommaren går sola ned i havet og ein kan nyte vakre solnedgongar.
Rundt om på området er det sett ut bord og benkar, slik at det er lett å ta seg ein pause i det fri.

Her driv vi campingplass, med både faste og tilreisande gjestar. Vi har per i dag 5 utleigeiningar og ei hytte til som straks er klar! Her er og god plass for dei som vil telte, vi planerte ein ny teltplass i høst, slik at de kan sjå rett på Alden og solnedgangen!

Vi har og fleire spennande aktivitetar de kan prøve/halde på med medan de er her, vi leiger ut kajakkar, paddleboards og båtar. Vi har utstyr for paintball og frisbeegolf. Om de er mangen nok kan vi og skaffe dåke skyss til Alden.

På området ligg og Lammetun Kystfort som er eit av dei best vedlikehaldne kystforta på vestlandet. Her kan du gå i bunkersane, sjå hjelpetegningar som er malt av tyskerane sjølv, desse mala dei for å hjelpe seg med å lettare lokalisere kor i fjorden eventuelle båtar var osv. I hovudbunkersen kan du sjå foto utstillinga vår med lokale bilder frå 2. verdskrig. I resepsjonen kan du sjå utstilling av gjenstandar frå 2. verdskrig.

Sjå vår posisjon på GoogleMaps her:
https://www.google.no/maps/place/Lammetu/@61.2699272,4.948777,15z/data=!4m5!3m4!1s0x4617e190bd19c919:0x58dcf081a68605e3!8m2!3d61.2699798!4d4.9627436?hl=no&authuser=0