I 2016 starta arbeidet med å utarbeide ny reguleringsplan for Lammetun, eigedom 4646 – 272/3. Føremålet med planen var både å få arealbruken til å stemme med dagens situasjon men og for å tilrettelegge for vidare utvikling av drifta til Lammetun Ferie og Fritid.
21.10.2021 vart ny reguleringsplan for Lammetun vedteken i kommunestyret.
Planen går under navnet Lammetun, plan-ID: 1429201701
Mykje av det ein ser att i planen er allereie på plass, då det er føremål som allereie er i bruk slik planen beskriv.
Planen opnar for utbygging i form av to bustadfelt og eitt hyttefelt.
Den opnar og for ei utviding av campingplassen, men dette er sett på vent å Statsforvaltaren og Fylkeskommunen i Vestland har fremja motsegn mot dette (pga. 100-metersbeltet). Dei vart ikkje einige med kommunen under mekling så den delen av planen er enno ikkje avgjort, då det må sendast til departemanget for avgjersle. Vi håpar dette vil gå vår veg og vi har kommunen med oss i ryggen, noko vi set pris på.

For dei som ynskjer å setje seg inn i planen finn de plandokumenta under:

Plankart jpg.-fil

For å sjå plankart som pdf følg denne linken: https://innsyn.onacos.no/fjaler/wfdocument.ashx?journalpostid=2021013815&dokid=257172&versjon=1&variant=A&

Planbeskrivelse med konsekvensutgreiing og ROS-analyse: https://innsyn.onacos.no/fjaler/wfdocument.ashx?journalpostid=2021013815&dokid=257173&versjon=1&variant=A&

Planføresegner: https://innsyn.onacos.no/fjaler/wfdocument.ashx?journalpostid=2021013815&dokid=257174&versjon=1&variant=A&

Vedlegg til plan (nerknader frå naboeigedommar med tilsvar): https://innsyn.onacos.no/fjaler/wfdocument.ashx?journalpostid=2021013815&dokid=257175&versjon=1&variant=A&