Lammetun Kystfort har no fått eiga heimeside – der du kan lese endå meir om fortet og sjå fleire bilete m.m. Den finn du her: www.lammetunkystfort.com

Sjå video frå fortet her: https://youtu.be/PB6Qupn8RZo

Vi tilbyr guiding i fortet, der du får høyre om lokalhistoria under 2. verdenskrig og sjølvsgat om fortet. Book guiding her: booking@lammetun.no (for grupper på minimum på 10 personar)

Kommandobunkers:
På høgste punktet i festningsanlegget frå 2.verdskrig ligg kommandobunkersen. Inni observasjonsrommet til bunkersen (kuppelen) er landskapet måla slik ein såg det ute (med alle øyane uti havet) og med avstand og retning inntegna. På denne måten kunne ein raskt oppgje posisjonen til eit mål som var observert.
Vi har sett inn glas i sprekka mellom bakken og sjølve bunkersen for å hindre vatn og vind inn i rommet med utsikt ut i havet. Under krigen var her ikkje glas, men trelemmar som vart brukt. Glas reflekterer i sola så derfor vart ikkje det nytta. Bunkersen vart då synleg for motstandarane.
Sjølve kuppelen var dekka med torv slik at den ikkje skulle vise frå lufta. Derfor ser ein i dag at det heng metallkrokar på kuppelen. Dette for at den var kamuflert. På toppen ute er det nydeleg utsikt. Inni bunkersen kan ein gå ei trapp inn i fjeller som fører ned i ein stor fjellhall. Ein kjem ut att på bakkenivå.

Når ein går vidare sør-vest for kommandobunkersen  kjem du til «Ammunisjonsbunkersen». Den vart som du høyrer i namnet brukt til å lagre ammunisjon mm.

Kanonstilling:
Vi har fire kanonstillingar på området til Lammetun kystfort. Den eine ligg i nærleiken av kommandobunkersen. Dei tre andre ligg sør-vest for kommandobunkersen, ca. 300 meter unna i luftlinje. Kanonstillinga du ser på bilete har som dei andre innfeldt kompass som vart brukt for å stille inn kanona slik at den fekk rette vinkelen for kvar ein skulle treffe. Før var ein sirkel inndelt i 400 grader mot dagens 360.

I hovudbunkersen har vi no laga til utstilling av bilete frå 2. verdskrig. Her kjem det og til å kome utstilling av gjenstandar frå krigstida.

I område har vi sett ut bord og benkar slik at ein kan sette seg og slappe av i det vakre område som er her. Ta med deg lunsj og nyt den på Lammetun.

Du kan lese meir om Lammetun kystfort her.


Set du på informasjon om Lammetun Kystfort eller om korleis det var her i området under 2. verdskrig? Eller kanskje du har bilete frå krigen frå Området Fjaler/Hyllestad/Askvoll?
Så ta gjerne kontakt med oss! 🙂
Epost: Sigrunn@lammetun.no
Tlf. +47 90 65 24 90