12. februar 2018

Aktiv Kysthelg

Aktiv Kysthelg er pakketilbodet for deg som likar fart og moro!

Dag 1:
Vi startar første dagen med Havrafting (i regi av Kystrafting.no),  kor heftig raftinga blir avheng ein del av været men også av kva de som passasjerar ynskjer.
Raftinga tar omlag ein time, de får utdelt dressar, men det r lurt å ha med seg hue, hanskar, solbriller om fint vær.
Etter raftinga blir det servert middag i det fri ute i neset, eller i vårt hyggelege lokale «høybråtet» (alt etter dykkar ynskjer, vær og vind..)
Så tek vi turen til Skifjorden bryggeri som gir dåke omvisning i lokala deira avslutta med ølsmaking av deira eigenrpoduserte øl!

Dag 2: Paintball
Vi delar dykk opp i lag, målet er å få tak i motstandarlaget sitt flagg.
Kvar kamp varer i ca 15 minutt, og total speletid er som oftast på ca. ein time.
Inkludert i prisen er eit magasin på 200 malingskuler, kjeledress, hanskar og hjelm.
Ekstra magasin kan sjølvsagt kjøpast om  det er nokon som ynskjer det.
Om de ynskjer kan de få servert middag etter kampen (ekstra).
Lurt å gå med joggesko/fjellsko.

Denne pakken passar best for grupper på 6 personar eller meir.
Obs. på rafting tar båten maks 12 personar.

Pris per person: kr. 3 690,- (prisen er inklusiv ei overnatting)

Book her: booking@lammetun.no eller på mobil: 47 28 36 34 / 90 65 24 90 eller du kan nytte kontaktskjemaet under 🙂