Glad i fart og spenning?

Kom og spel paintball hjå oss, få middag servert ute i det fri i Neset eller i vårt hyggelige lokale «høybråtet», så kan de slappe av litt før vi tek turen til Skifjorden bryggeri – der de får omvisning i lokala deira etterfulgt av ølsmaking.

Paintball er ein sport der deltakarane kan spele med å skyte små malingskuler (baller) på kvarandre. Når en ball treff ein person sprekk den og markerar vedkomande. Vedkomande er då ute av spelet og må gå tilbake til sikker sone.
Hos oss spelar vi skogsspel – det er ein variant av paintball der ein spelar i skogen og utnyttar naturen til hinder. Eit vanleg skogsspel varer i ca. 30 til 60 minutt.

Paintball er ein morosam og actionfyllt måte å treffe vener og kollegaer på, ein blir oppdelt i to lag og skal konkurrere om kven som kaprar motstandarar laget sitt flagg først. Her må ein tenke taktikk og samarbeide.
Dette er kjekt både som leik og så er det ein annleis og fin øvelse til samarbeid for bedrifter.
Det passar og godt som innslag i utdrikningslag.

Ta med deg vennegjengen, klassen eller bedrifta di og spel paintball hjå oss.
Ikkje berre er det knallmoro, men her må ein spele på lag og legge strategien saman for å vinne.
Vi delar dykk opp i lag – slik at de spelar mot kvarandre.
Målet er å sikre seg motstandard laget sitt flagg.
Kvar kamp varer i ca. 15 minutter. Total speletid ligg stort sett på mellom 30 til 60 minutt, avhengig av kor mange de er og kva dåke sjølv ynskjer.
De får utdelt kjeledress, hanskar, hjelm og eit paintball magasin på 200 malingskuler. (om de ynskjer fleire magasin kan det kjøpast utanom)
Obs. lurt å gå med joggesko/fjellsko.

Reglar:
Maska skal alltid være på medan spelet er i gong.
Det er ikkje lov å gå utanfor markert område.
det er ikkje tillat å sikte på nokon frå halsen og opp.
Når du er markert skal du gå tilbake til basen, maska skal heile tida være på.

Inkludert i prisen er speling av paintball, middag i neset, ølsmaking og ei overnatting frå kr. 1 990,- per person.

Passar for grupper på 6 personar eller meir.

Book her:
på epost: booking@lammetun.no
mobil:  47 28 36 34 / 90 65 24 90
eller bruk vårt kontaktskjema under:

[contact-form][contact-field label=»Navn» type=»name» required=»true» /][contact-field label=»Epost» type=»email» required=»true» /][contact-field label=»Nettsted» type=»url» /][contact-field label=»Melding» type=»textarea» /][/contact-form]