7. februar 2018

Om oss

Lammetun Ferie & Fritid vart starta i 1996 av Frode Haugen.
Frode jobbar som tømrar til dagleg og starta med campingplass ved sida av.
Det som starta som ein hobby har utvikla seg til å bli noko større.
Campingplassen har no 16 faste plassar, med fleire plassar for tilreisande bubilar/campingvogner. I tillegg har han bygd opp 3 utleigeiningar som vi leiger ut, vi arrangerar også ulike arrangementar. Som for eksempel blåturar for private og bedrifter, utdrikningslag, paintball kampar, havrafting m.m.
På Lammetun ligg òg Lammetun Kystfort, det er eitt av få kystfort i landet som ikkje er stengt att og som er ope for alle. Fortet er privateigd, så alt vedlikehald og anna som vert gjort er dugnad av grunneigar. Her kan du sjå kanonstillingar og hjelpeteikningar som tyskerane måla for å ha noko å hjelpe seg med når dei skulle angi posisjonen på skip. Vi har og laga til ei lita utstilling med lokale bilete frå krigen i hovudbunkersen.