7. februar 2018

Paintball

Paintball er ein sport der deltakarane kan spele med å skyte små malingskuler (baller) på kvarandre. Når en ball treff ein person sprekk den og markerar vedkomande. Vedkomande er då ute av spelet og må gå tilbake til sikker sone.
Hos oss spelar vi skogsspel – det er ein variant av paintball der ein spelar i skogen og utnyttar naturen til hinder. Eit vanleg skogsspel varer i ca. 30 til 60 minutt.

Paintball er ein morosam og actionfyllt måte å treffe vener og kollegaer på, ein blir oppdelt i to lag og skal konkurrere om kven som kaprar motstandarar laget sitt flagg først. Her må ein tenke taktikk og samarbeide.
Dette er kjekt både som leik og så er det ein annleis og fin øvelse til samarbeid for bedrifter.
Det passar og godt som innslag i utdrikningslag:)

Vi har 18 markørar og utstyr klart til ei kvar tid!
Pris pr. magasin er kr. 290,- (eit magasin inneheld 200 malingskuler og rekk lett til ein heil kamp), inkludert i prisen er og leige av utstyr (kjeledress, hanskar og maske).

Her på Lammetun spelar ein paintball ute i neset, men vi kan og kome der dykk er. Men det må være på eigna område. Vi har og ei paintball bane i Akvoll. Så for dei som ynskjer det arrangerar vi paintball der.

I mange år har vi og stilt med paintball i Kråkenes marka natt til 01. Mai og 17. mai, i regi av NAF avd. fjordane og ytre sogn som kvart år bl.a. arrangerar rusfrie arrangement for 10. klasse.

Reglar:
Maska skal alltid være på medan spelet er i gong.
Det er ikkje lov å gå utanfor markert område.
det er ikkje tillat å sikte på nokon frå halsen og opp.
Når du er markert skal du gå tilbake til basen, maska skal heile tida være på.

Ellers kan de som grupper danne dåka eigne reglar i tillegg til desse.

Lyst å spele? Kontakt oss då vel!:-)

Epost: Booking@lammetun.no
Tlf: +47 47 28 36 34 / +47 90 65 24 90
Eller du kan nytte kontaktskjemaet under: