13. november 2017

Om Lammetun Kystfort

Lammetun Kystfort

Lammetun Kystfort vart bygd frå oktober 1941 og skulle saman med Fure – fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Buefjorden, samt sperre innløpet til Dalsfjorden.

Etter at bygdefolk og buskap vart tvangsflytta, starta arbeidet på eit stort fjellanlegg med kommandoplass og forlegning for soldatar i ein tunnell under kanonstillingane. Mykje av arbeidet vart utført av russiske krigsfangar, som vart skyssa til Lammetun frå faangeleiren i Fureneset med motorbåten «Fagervik I» frå Leitet.

Dei første kanonane på Lammetun var franske feltkannoner frå første verdskrig. Seinare vart dei erstatta av fire av nyare dato. Granatane frå Lammetun – kanonane kunne treffe mål 16 000 meter unna.

Ved fortet på Lammetun var det 96 befal og soldatar.

Det var stridsklart i juni 1942, men var ikkje ferdig utbygd då krigen tok slutt. Kring fortet var det også sett opp ein del falske kanonenr bygde av tømmerstokkar og finèr for å lure fienden ved eit åttak.

Etter krigen vart det rydda vekk 3066 miner kring fortet, og ein tysk offiser vart hardt skadd då ei mine gjekk av. Heilt fram til 1969 vart det funne miner på Lammetun.

Frå toppen av kommandotårnet er det fullt oversyn over skipsleia frå Nord-Solund til Staveneset.

 

Tvangsflyttinga på Lammetun:

Dei tre familiane som budde på Lammetun i 1941 fekk i oktober 1941 beskjed om at dei hadde fem dagar på seg til å flytte frå øya.

 


Om du har informasjon om 2. verdskrig frå området (Fjaler, Askvoll Hyllestad), bilete eller anna så ta gjerne kontakt med oss, enten på;
Epost: Sigrunn@lammetun.no
Tlf: +47 90 65 24 90
Eller du kan nytte kontaktskjemaet under: