24. oktober 2017

Velkommen til oss:)

Velkommen til Lammetun!
Køyr over brua, køyr så langt asfalten rekk, og la skuldrane synke ned og kjenn tida slepp taket og la roen fylle deg <3
Nyt lukta av have og lyden av bølgjene i fantastisk natur. 

På område har vi sett ut bord og benkar slik at ein kan sette seg og slappe av i det vakre område som er her. Ta med deg lunsj og nyt den på Lammetun.

Aktivitetar i vatn

Området er godt eigna for kajakking, SUP og dykking, mykje flott natur å sjå på når ein tek sjøveien og er i/på sjøen.
Dykkarane som har vore her skryt over at det er gode høve for dykking, her kan du plukke både kamskjell og krabbe og svømme blant skater!

Blomar

Gjennom åra har vi tidvis hatt besøk av botanikarar som har gått i festningsanlegget og sett på blomane som veks her. Det er gjort funn av regionalt sjeldne artar som marinøkkel og bakkesøte her. Andre artar som du kan finne her er: fjellmarikåpe, flekkmarihand, geitsvingel, katefot, smalkjempe og småengkall. 

Sopp og bær

Her er eit eldorado av sopp og bær som berre ventar på hausting! Du finn store mengder sopp, villbringebær, tyttebær, bjørnebær, rognebær, blåbær og einebær.

Butikkar i nærområdet:

Det er fem minutt til næraste butikk og bensinstasjon. 35 minutt unna Dale, der du finn nærmaste kjøpesenter eller ein kan ta ferja til Askvoll.