18. januar 2019

[:nb]Stormwatching[:]

[:nb]

For english version go to: http://www.lammetun.no/?page_id=4017

Lammetun er ein vind- og værutsatt plass. 
Om du likar eller ynskjer å få kjenne naturkreftene tett på deg anbefalar vi å ta turen til oss for å få kjenne på å få stå midt i stormane, her kan du sjå bølgjene slå innover land, kjenne bølgjespruten i ansiktet og kjenne på at vinden tek godt tak i deg.
Og fortvil ikkje om du tek turen og det ikkje vært storm, manglar her ikkje på flotte naturopplevingar.
Vi har gruppe opplegg for dei som ynskjer det, med overnatting, felles måltid, guiding på området m.m. Ta kontakt om du ynskjer meir info om det.
Vi gir sjølvsagt og omvisning til enkelt personar/par òg, vi har mange utleigeeiningar som passar både for enkelt personar, par, familiar, vennegjengar osv. 
Foreløpig må vi sjå på været ute i det fri, men vi håpar å kunne få på plass eit bygg som de kan nyte stormen frå utan å måtte stå midt i den. 
Om ein bookar inn på sjøbua, så ligg den heilt i sjøkanten, så frå den har ein god kontakt med naturkreftene om været frisknar til:)
Under kan de sjå bilder tatt frå stormen 1. nyttårsdag i år (2019) og frå ein av stormane som ruska høsten 2018.

om stormen og ruskeværet uteblir, så kan du være så heldig at du heller opplev ein av Lammetuns mange majestetiske solnedgongar!

Alle foto: Sigrunn Ragnarsdotter

På den vesle øya Landøyna som du ser litt av i bildet med solnedgong som ligg framfor Alden (fjellet bakerst i bildet), held eit av ørnepara på Lammetun til. Så her er mykje meir enn berre storm ein kan sjå på. 

Så må det seiast, tek du turen for å sjekke ut stormen, enten det er her hos oss eller andre plasser, ha respekt for naturkreftene, bruk vet og ikkje gå for nær.

For booking/kontakt send oss gjerne ein epost eller ring oss på:
epost: Booking@lammetun.no
Tlf.  Sigrunn: +47 906 524 90 eller Frode: +47 472 836 34
Du kan også nytte kontaktskjemaet under:

[:]