4. januar 2014

Aktivitetar

På Lammetun kan du blant anna spele paintball, frisbeegolf, fiske, bruke paddleboards, leige kajakk, havrafte og gå i bunkersane til Lammetun Kystfort frå 2. Verdskrig og sjå bilet utstilling mm.

Paintball:

Treff vener eller arbeidskollegaer på ein ny måte. Prøv paintball hjå oss. Vi har 18 markørar og utstyr klart om de vil ta turen. Vi er også flyttbare, så om du har eit område det går an å spele paintabll på, kan vi komme til deg.

Les meir om paintball i regi av oss her:  http://www.lammetun.no/?page_id=682

Frisbeegolf

Vi har laga til frisbeegolfbane her ute, så nå kan du spele frisbeegolf og nyte den vakre naturen samtidig!
Frisbeegolf er ei blanding av frisbee og golf, og passer for alle aldersgrupper.
Ein kan leige frisbeear hjå oss.

SUP – StandUpPaddle:

Vi har to paddleboards til utleige. Stand up padling er ein variant av surfing, der du står på brettet og padlar med ei åre, kjempemoro!

Kajakk utleige:

Vi har 3 kajakkar vi leiger ut. Det kostar 400,- kroner per dag å leige. Her er perfekt for padling, med vanvittig flotte natur- og dyreopplevingar som står i kø!

Havrafting:

Havrafting gjer eit skikkelig adrenalinkick! Her ute er ein garantert bølgjer:)
Raftinga er i samarbeid med kystrafting.no

Geocaching

Geocaching er blitt ein populær fritidsaktivitet siste åra. Den går ut på å bruke ein  satelittsignalmottakar (GPS-mottakar) i ein høgteknologisk orienteringsleik etter utlagt bokser/geocacher. Geocachere (deltakerane i spelet/sporten) som finn boksen, loggar sitt besøk i loggboka i geocachen. Det er gratis å delta, men ved å betale et mindre beløp får ein ekstra fordelar og tilleggsmoglegheiter. Per februar 2013 er det registrert over 2 000 000 aktive geocachere og over 5 millionar geocachere. Kvar tredje laurdag i august er den internasjonale geocaching-dagen, den fyrste var i 2011.

På Lammetun finn du boksen/geocahingboksen på koordinatane: 61  grader 16,33 minutt nord og 4 grader 56,95 minutt aust.

Ha ei fin geocaching:-)

Kontakt oss:

Tlf. (+47) 90 65 24 90 (Sigrunn) / (+47) 47 28 36 34 (Frode)
Epost: Booking@lammetun.no
Eller benytt kontaktskjemaet under:

Legg igjen en kommentar