Utleige

Per i dag har vi tre utleigeeiningar: Naustet, Floa og Fjære, og ei hytte under oppføring.

Naustet

Heilt i sjøkanten har vi ei utleigeeining på 45 m2 som vi kallar «Naustet». Den leiger vi ut gjennom bookingselskapet Novasol. Det er mogleg å kontakte oss direkte om de ynskjer å leige gjennom oss, men då må ein vere tidleg ute. Haust og vinter har vi noko meir kapasitet.

Bildegalleri av Naustet:

   

 

       

 

   

 

    

Pris frå kr. 950,- per døgn. inkl. leige av båt.
Leige av sengklede/handklede og utvask kjem i tillegg.
Ved langtidsleige får de redusert døgnpris.

Sjå elles fleire bilete og kor tid den er ledig her: annonse her.


Floa

Våren 2014 var vi klar med den nye utleigeeininga vår «Floa». Det er ei leiligheit som er innreia i låven vår og er utstyrt for fire personar. Ta kontakt med oss om du ynskjer å leige den. Denne er også vinterisolert.
E-post: frode@lammetun.no
evt. Tlf. 47283634

Bildegaller frå Floa:

    

Frå altanen kan du bl.a sjå sola gå ned i havet.

    

    

Soverommet på låven. Frå soverommet kan du gå ut på ein altan som er ca.6 kvm. Langs eine stoveveggen kan du slappe godt av i to sovealkovar som har måla 90x200cm.

Badet er lyst og triveleg, totalt ca.4 kvm.

Prisar:
Kr. 950 .- pr.døgn. inkl.båt.
Ved langtidsleige får de avslag i døgnpris. Leige av sengklede og utvask er ikkje inkludert i denne prisen.


Fjære

«Fjære» er ei lita utleigeeining som er 2 år gamal. Det er ein del av låven vår som no har blitt eit lite og søtt krypinn for dykk som ynskjer overnatting med tilgang til wc/bad, og kokemoglegheiter. Rommet er ca. 15 m2 og har enkel innreiing. Du finn eit lite kjøkken, kjøleskap, kaffitrakter, 120×200 cm seng og tv/parabol. Leige av sengklede kjem i tillegg til prisen på overnatting.

Bildegalleri av Fjære:

      

Prisar:
kr. 550,- per døgn
Leige av sengklede og utvask er ikkje med i prisen.
Ved langtidsleige får de avslag i døgnpris.

 Booking på :
– frode@lammetun.no eller
– Booking@lammetun.no

Ring Frode for å avtale pris på tlf. 47283634.

Legg igjen en kommentar